HjarteTRE

HjarteTRE er TRE sett saman med metodar frå HeartMath. Ein spennande kombinasjon av TRE, pusteteknikk og ei guida indre reis til kontakt med styrkande emosjonar. Du lærer ein måte å få endå meir nytte av TRE -praksisen din og å ta det med deg ut i kvardagen. Du blir introdusert til ressursar som du kanskje ikkje visste du hadde, og korleis du kan tappa inn i dei. Det kan hjelpa deg til å vera mindre spent i kvardagen, handtera påkjenningar betre, takla utfordringar med meir ro og oppleva meir glede.

HjarteTRE tek litt lenger tid enn GruppeTRE. Det er først ein halvtimes intro. Deretter gjer me TRE ilag som ved GruppeTRE og går så direkte over i ei guida indre reis der Siv leiar deg djupare og guidar deg gjennom dei styrkane teknikkane frå HeartMath.

HeartMath som teknikk er ein nydeleg kombinasjon med TRE. Om du ynskjer individuell rettleiing i HeartMath sitt biofeedback system kan du ta kontakt med Marit i resepsjonen. 

For å delta på HjarteTRE må du ha vore på minst ein gruppeTRE først - gjerne fleire. 

Datoane for HjarteTRE 2023 er: 

  • Tirsdag 21.februar       - kl 16-18
  • Tirsdag 28.mars          - kl 16-18
  • Tirsdag 19.september - kl 16-18
  • Tirsdag 17.oktober.     - kl 16-18