GruppeTRE

Kom og rist med oss!

Me held TRE gruppetrening for alle dei som har gjennomført TRE kurs tidlegare. Her kan du delta på ei økt med TRE under rettleiing av Siv. Det er kvar første tirsdag i månaden, kl 16:00 - 17:00. Pris 150,- pr gong.

Du må melda deg på innan kl 12 same dag så me kan laga alt klart til du kjem. Avbod må seinast meldast dagen før så me kan gi plassen til dei som eventuelt ventar. påmelding kan du gjera her ved å velga "GroupNIT": https://integrated-human.com/group-sessions/

(NIT og TRE blir brukt om kvarandre. NIT står for Neurogenic Integrtation Technique og er den same teknikken men med nytt navn då Siv i samarbeid med David Bercelli (skaparen av TRE) og kollega Alex Green uviklar nye kursplattformar for å spre teknikken.)

Me held til i Stallgt 10, på Treningsloftet i 3. etg. 

Datoar for 2024 er (me tek atterhald om endringar):

  • 09.januar
  • 06.februar
  • 05.mars
  • 02.april
  • 07.mai 
  • 04.juni 
  • 02.juli
  • 06.august
  • 03.september
  • 01.oktober
  • 05.november
  • 03.desember

Ta med drikkeflaske og klær du kan rista i. 

Hjarteleg velkomen!