Kursleiar: Siv Jøssang Shields
Påmeldingsfrist: 24. september 2024
Pris: 1950,-
Stad: Voss Kiropraktorkontor tredje etg.
24/september / 2024 / 15:00 – ca19:00
Påmelding: https://integrated-human.com/events/nit-course/
Introduksjonskurs i TRE (Tension and Trauma Releasing Exercises)/NIT (Neurogenic Integration Technique).
Me startar kl 15:00 og blir ferdige mellom 19:00 og 20:00. Kurset vert halde i klinikken sine lokale på Treningsloftet i tredje etg. Kom i ledige kle og med mogelegheit til å vera barbeint (dvs. ikkje strømpebukse med fot).
Inkludert i kursprisen er ein repetetesjon av dette kurset utan ekstra kostnad. Repetesjonen må takast innan to år etter fyrste gong du tok kurset. Dette tilrår me sterkt at du nyttar deg av, for å få best mogeleg utbyte av det du lærer.
Kursa vert haldne jamnleg, ved behov/etterspørsel stort sett 2-4 gonger per år.
Ta med drikka og litt nista om du føler behov for det. Det vert 30 minutts pause ca. kl. 17:00. Du får utdelt hefte med illustrasjonar av øvingane og informasjon om TRE samt informasjon om TRE for for dei som ynskjer meir.
For å veta meir om kva TRE er sjå her!