Om oss

Skjermbilde_2024-09-26_kl._09.48.13.png

Voss Kiropraktorkontor vart etablert i 1997 av kiropraktorane Siv og Jason. Me starta i Janusgarden. Sidan har me vakse og utvida mot det me ynskjer konseptet vårt skal vera.

No er me ein tverrfagleg klinikk som ynskjer å tilby deg ei god oppleving når du kjem til oss. Fast på klinikken finn du tre kiropraktorar og ein sekretær. I tillegg finn du ein fysioterapeut som driv treningsgrupper på kveldstid og ein personleg trenar. På treningsloftet finn du og aktivitetar som yoga, Barsiliansk Jiu Jitsu, breathwork, avspenningskurs og grupper, mediatsjon, mm. 

Me tilbyr konsultasjon og behandling hjå kiropraktor. Du kan og delta på treningsgrupper med fysioterapeut, få individuell rettleiing med personleg trenar of hjelp til avspenning med HeartMath samt vere med på avspenningskurs med TRE (Tension/Trauma Releasing Exercises). Alle kursa våre blir annonsert på klinikken, på denne nettsida under «Nyhende» og på FB sida vår.

Me har godt samarbeid med andre helseaktørar og klinikkar på Voss og i områda rundt. Begge kiropraktorane er medlem av NKF (Norsk Kiropraktorforening).

Marit Tyssedal

Marit Tyssedal

Resepsjon / Administrasjon

Marit Tyssedal jobbar i resepsjonen. Ho er utdanna i militæret med befalutdanning og har ein B.A i idrett og ein B.A. innan leiing og organisasjonsutvikling. I tillegg har ho ei sterk interesse for Brasiliansk Jiu-Jitsu.

Om Marit 

Jason Shields

Jason Shields

Kiropraktor

Jason Shields er oppvaksen i USA og i Italia. Han har ei bachelorgrad i bilologi i tillegg til utdanning som kiropraktor. Han hadde også ei særleg interesse i naturmedisin og har lært om Ayurveda som er tradisjonell medisin frå India.
Kiropraktikk valde han grunna si interesse for idrett og natur og at far hans også er kiropraktor. Han hadde turnustenesta si delvis på Hønefoss og delvis i Bergen. Etter han var ferdig med turnustida fortsatte han i Bergen. Han byrja etterkvart praksis på Voss saman med ektefelle, Siv. Sidan har han viderutdanna seg på ulike felt innan kiropraktikk, helse og livstil. Sidan 2012 har han òg leia Voss sin klubb i Brasiliansk Jiu Jitsu som held til på treningsloftet vårt. Her er linken til Facebook sida deira.

Om Jason 

Siv Jøssang Shields

Siv Jøssang Shields

Kiropraktor

Siv Jøssang Shields er oppvaksen på Voss. Ho reiste til USA og utdanna seg med ein bachelorgrad i biologi og ei mastergrad i fysiologi. Under mastergradstudiet dreiv ho med forsking på kreft i hud og tarm. Ho hadde også ei særleg interesse for naturmedisin og lærte i denne perioden om Ayurveda som er tradisjonell medisin frå India. Etter å ha hatt personleg erfaring som pasient hjå kiropraktor gjorde dette at ho endra retning og byrja kiropraktorutdanninga. Etter endt utdanning i ’96 hadde ho turnusteneste på Stathelle utanfor Porsgrunn og kom til Voss i november 1997. Sidan har ho viderutdanna seg på ulike felt innan kiropraktikk, helse og livsstil. Siv held òg kurs i stressmeistring ved klinikken. Sjå "Avspenningskurs" i menyen for meir informasjon. Siv var lenge involvert i faget via Norsk Kiropraktorforening der ho sat i sentralstyret frå 2009 til 2013, og i redaksjonen for kiropraktoren sitt fagblad «Columna». I to år var ho også leiar for etterutdanninga i Norsk Kiropraktorforening med ansvar for kursaktiviteten i foreininga.

Om Siv 

Knut Fløtberget

Knut Fløtberget

Fysioterapeut

Knut Fløtberget er utdanna i Tyskland og har lang yrkeserfaring. Hjå oss er han ansvarleg for ​trening på treningsloftet med grupper to kveldar i veka.

Om Knut 

Aud Sveen Nygård

Aud Sveen Nygård

Ernæringsterapeut

Aud Sveen Nygård har bakgrunn som privatpraktiserande tannlege i over 30 år. Etter en brystkreftdiagnose i 2010 med påfølgande aggressiv behandling kom hennar årelange interesse for ernæring og trening til svært god nytte. Ved hjelp av ernæringsterapeutiske prinsipp, trening og dagleg yoga gjenvann Aud både helsa og energi. På bakgrunn av dette utdanna ho seg til ernæringsterapeut og MediYoga lærer og -terapeut. Med desse verktøya ynskjer ho å hjelpa andre til betre helse og auka livskvalitet.

Om Aud 

Tverrangerhusettverranger 2

«Det var i 1890 byggmeister Knut Kvåle kjøpte eit jordstykke bak stallane av Prestegarden, og sette opp 2 2-høgda verkstadbygningar. Desse vart bygde saman i vestre enden. I denne bygningen vart det innreidd snikkarverkstad som Kvåle sjølv dreiv. Kvåle dreiv snikkarverkstad til han døydde i 1909. Verkstaden vart verande i familien. Sonen Nils tok over då han var vaksen, satsa stort og gjekk konkurs. Meieriet kjøpte no eigedomane.

Ivar A. Lydvo kjøpte huset av Meieriet i 1923. Han tok til med ski- og snikkarverkstad som han dreiv utover i 1930-åra. Sparebanken overtok då bygningen.

Etter bombing og brann i 1940 var mange verksemder huslause. Slik var det også med firmaet Bryn & Tveranger. Knut E. Bryn og Peter P. Tveranger hadde frå 1915 drive møbelfabrikk og møbelhandel ved hovudgata i Lekvemoen. Dei vende seg i 1940 til banken, og fekk kjøpa bygningen her som då hadde stått tom i 2-3 år.

Nokre mindre endringar vart gjort med huset, mellom anna vart det bygt varemottak med vareheis i austgavlen. Bryn & Tveranger dreiv ilag til 1951. Då vart fabrikk og handel skilt frå einannan, og eigarane tok over kvar sin del. P. Tveranger overtok fabrikken og bygningen her, men døydde same året. Sonen Anders tok dåover drifta etter faren. Verkstaden hadde på denne tida 6 tilsette. Han dreiv så vidare med allsidig møbelproduksjon fram til 1973/74, då verkstaden vart nedlagd.

Tveranger-familien har sidan leigt ut bygningen. Sonen Jan er eigar frå 1995. Vangen Elektriske starta opp i huset i 1977, og var eigentleg leigetakarar fram til 1990, sjølv om dei i 1981 hadde flytta inn i nytt bygg på Lid. Sist i 1980-åra starta Bunadsloftet opp i 2.høgda, og noko seinare Kari Bye med smykke-produksjon. Mykje av 1990-åra har Vestlandske Brukthandel leigt fyrste høgda.

Etter at møbelfabrikken la ned, er det gjort noko innreiingsarbeid i huset. Elles er alt uendra, med unnatak av at veggene mot jernbanen måtte kledast med stålplater før opninga av Bergensbanen i 1909.»

– Tekst og bilete over er henta frå boka «Førkrigshus på Vangen» av Gunnar Hemre Ringheim.

Opprustningsprosessentverranger 4

Me overtok Tverrangerhuset i april 2003 og opprustninga starta i august same året. Alt utvendig måtte godkjennast av fylkesantikvaren sidan det er eit verna bygg. Me hadde likevel som mål å bevara det me kunne, ikkje berre utvendig, men også inne.

Me fann mykje gamalt verktøy og ulikt utstyr i form av gamle maskiner. Noko var så øydelagd at det måtte hivast, men det aller meste er teke vare på. Noko av maskineriet vart levert til Mølstertunet. Alt verktøyet har me bevart, og hovudakslinga og bandsaga står der den stod opprinneleg.

Me møtte sjølvsagt på ein del utfordringar på vegen. Då er det viktig å ha gode medarbeidarar. Me utvikla eit nært og godt samarbeid med arkitekt Knut Myklebust og tømrar David Gjøstein. Snikkarane til David tok på seg arbeid som ein ikkje utan vidare tek som ei sjølvfølge at ein snikkar skal gjere – serleg då det var meir enn ein gong ekte «drittarbeid» som stod på menyen. Det var aldri snakk om å bli stogga av problem. Me fekk alltid presentert fleire ulike løysingar å velje mellom. Alltid positive og inspirerande.

Snikkarane var Odd Arild Kyte, Knut Kvarekvål, Johannes Appelthun, Nedkvitne, Ørjan Knapstad og Croock. Eletrikarar Arnstein Stue og Ørjan fann mange kreative løysingar.

Avisa Hordaland: «Bygningen var så skakk at den berre var interessant for kiropraktorar….»

tverranger 5  tverranger 3

Offisiell opning

Den offisielle opninga var 29.04.2004. Det var både ein gledens og sorgens dag. Ein av våre høgt verdsatte snikkrar Johannes Appelthun, døydde brått og uventa og vart gravlagd same dag klinikken opna. Johannes var alltid i godt humør og satte æra si på å gjere kvalitetsarbeid. Han er savna av alle og vil alltid vera ein spesiell del av huset.

Det var også ein gledens dag. Her såg me enden på eit langt prosjekt som allerede hadde gjeve oss mykje. Sjølve opprustningtida hadde faktisk vore så inspirerande at på ein merkeleg måte var det også litt trist at den var over.

No skulle me ta i bruk dette lokalet til å hjelpe folk med mange ulike plager, og me håpar me hadde greidd å lage klinikken imøtekomande. Me ynskte at alle skulle føla seg velkomen når dei kom.

Bilete frå opprustningsprosjektet er å finna den dag i dag på venterommet for dei som har interesse for gamle hus.