• Heim
  • Våre tenester
  • Avspenningskurs

Avspenningskurs

stresshandtering

Nedanfor finn du litt informasjon om ulike innfallsvinklar for å førebygga stress. Me held jamleg kurs i Trauma and Tension Releasing Exercises (TRE) som me anbefalar basert på mange års erfaring. Siv har undervist i teknikken sidan 2011. Den har vist seg å vera nyttig for mange med kroniske smerter, for å dempa spenning i kropp og sinn, for å roa ned tankemaset. 

Me held og kurs for bedrifter - ta gjerne kontak for meir informasjon. 

TRE er er ein spannande metode som har vore tilgjengeleg i Norge sidan 2010. Siv Jøssang Shields er sertifisert TRE-instruktør sidan 2011 og er den einaste på vestlandet som held regelmessige kurs. Ho held og kurs i dette internasjonalt og samarbeider tett med kollega Alex Greene i USA og grunnleggar av metoden dr. David Berceli for vidareutvikling.

Skjermbilde_2024-09-27_kl._09.59.07.png

 Teknikken lærer du å gjere sjølv, og får dermed eit verktøy du kan bruka resten av livet. TRE kan bli brukt som eigentrening, i grupper og i kombinasjon med kiropraktikk. Teknikken verkar avspennande, avslappande og for mange, direkte smertelindrande. Me underviser TRE i grupper. Sjå her for utvida informasjon og booking til kurs. 

Me har jobba med stress og korleis skapa endring i mange år. Du kan lesa meir on denne aktiviteten her

Om du helst ynskjer individuell trening kan me tilby dette med HeartMath

Du finn utfyllande informasjon om TRE på den offisielle internasjonale sida.

TRE er utvikla av dr David Berceli, PhD (saman med Siv på biletet over til høgre), som har undervist verda over i 30 år. 

Yttre og indre faktorar

Livsbelastningar, stress, vedvarande belastning og traumer verkar inn på kroppen vår og påverkar funksjon og smerte. Pust og fysisk spenning endrar seg i forhold til korleis me har det. Desse spenningane kan sette seg som kronisk ubevisste mønster i kroppen og lage ulike smertemønster som stadig dukkar opp eller murrar meir eller mindre konstant. Mange av oss merkar ikkje at me stressar før etter at symptom byrjar å dukke opp.

Me har både positivt og negativt stress. Det positive stresset er det adrenalinkicket ein kan få når ein føler seg klar til å ta ei utfordring og kjenner på spenninga og gleda assosiert med det. Negativt stress er oftast det me til dagleg kallar «stress». Det kan gje ein følelse av å vera overvelda, motlaus og ikkje strekke til. Ein kan bli nervøs, føla seg hjelpelaus og ha konsentrasjonsproblem. Ein kan og utvikle ei rekke fysiske symptom, serleg ved kronisk stress over tid, og ved fysisk eller psykisk sjukdom.

«Stress»- eit viktig ord i dagens samfunn. Me lærer og høyrer stadig i media om kor farleg stress er og korleis me er omgitt av det heile tida. Stress blir definert som noko som blir påført deg, som du ikkje har styring på og som ikkje er «di feil».

Det er vanskeleg å kontrollere alle dei ytre faktorane som kan stresse oss. Mange slike faktorar vill alltid vere der og nye vil kome heile tida. Likevel er det to områder me kan takle stess på: 1) Til ein viss grad det ytre og 2) ikkje minst det indre.

På det ytre planet handlar det om å ta val. Ein kan velge bort aktivitetar som er med på å auke stresset. Nokon ting er det vanskeleg å velge bort mens andre ting er lettare. Dette krev litt «trening», ei oppleving av at det går bra å velge ting bort. Kanskje får ein meir ut av livet istaden for «å gå glipp av» noko.

På det indre planet er det meir ein kan gjere. Dette er spennande arbeid og noko dagens samfunn begynner å sjå som litt viktigare enn før. Slik me ser det, er det indre livet like viktig som det ytre. Bokstaveleg tala, dvs det indre livet er halvparten av livet ditt! Dei fleste har aldri fått noko opplæring i å verken utforske eller dra nytta av vårt indre. Heller omvent, me er opplært til å ignorere det stort sett (om ein ser bort i frå det reint intelektuelle). Med andre ord, ein kan risikere å gå glipp av halvparten av livet ved å ikkje utforske verda inni oss!

Den indre verden er ei reise igjennom livet på same måte som den ytre, eller såkalla «reelle» verden. Det er oftast frå det indre ein hentar styrke til å takle det ytre – dette er stresshandtering! Det som er intressant er at ein kan lære seg å hente denne styrken – til dagleg, den er ikkje berre til krisehåndtering. Det er eit ordtak «Det er ikkje korleis du har det, men korleis du tar det.» Dette har med den indre styrken å gjere – ein stor, og ofte unytta resurs, hjå dei mange av oss.

Her kan og HeartMath vera til uvurderleg hjelp. 

Kurs for vidarekomne

Me held og TRE grupper for vidarekomne. Dei er opne for deg som har vore på minst eit grunnkurs og minst to gruppeTRE treningar. Dette er for deg som er nyskjerrig på meir og ynskjer å gå i dybden. Siv har utvikla kurs der ho brukar kunnskap frå HeartMath og  lagar ei indre reis i kombinasjon med TRE. Dette er ein gruppe aktivitet. Om du har delteke på TRE grunnkurs og ynskjer meir informasjon om dette er du velkomen til å ta kontakt.  

Gode rutinar

Det er eit ordtak: «Først er det du som skapar vanane dine, så er det vanane dine som skaper deg!»

Dette er grunnlaget for å lage ei heil forelesing om noko så sannsynleg kjedeleg som «daglege rutinar»! Dei fleste av oss har godt innarbeidde rutinar – dei går heilt automatisk utan at du tenker på det. Veit du at det er ein god del rutinar du kan inkorporere i denne automatikken som vil hjelpe deg å bygge helse og overskudd, gje deg meir gnist?

Mange av desse vanane som du kan lage deg, er bortimot, eller heilt, gratis! Du må berre få lære kva dei er. Etter vår meining er mykje av dette kunnskap som skulle ha vore inkorporert i skule og barnehage for det er like viktig som å pusse tennene.

Her er nokon enkle haldningsøvingar som berre tek ​2 minutt å gjennomføre. Desse har me undervist i til  barneskular og barnehagar i heile Voss herad.

Her er gode pusteøvingar​ som du òg kan laste ned, eit døme på ein nyttig dagleg rutine.

Her er link til Arbeidstilsynet si informasjonsside om stress på arbeidsplassen

Artiklar og video om TRE

Intervju med dr. David Berceli​ i bladet pdfFolkevett
Artikkel i avisa pdfDagens Næringsliv
Artikkel i bladet «Visjon»

Fin kortfilm om stress/traume og TRE