• Heim
  • Våre tenester
  • Biofeedback heartmath

Biofeedback HeartMath

HM Inkoherens til koherens

Om HeartMath

Spenning eller stramming i kroppen? Kronsike smerter? Tidsklemma? Hovudverk? Mykje tankemas eller stress? Dårleg søvn? 

HeartMath er ein teknologi som brukar biofeedback som eit læringssystem. Gjennom ein sensor festa på fingen eller øyreflippen din, observerer du korleis kroppen din svarar på ulike teknikkar, og feedbacken kjem momentant. Du lærer deg å skifta kroppen din frå ein anspendt, tappende tilstand til ein styrka, oppløftane tilstand. Du kan nytta teknikkane som ein praksis for å styrka evna til omstilling og i kvardagen for å omstilla deg der og då, utan at nokon merkar at du gjer "ein teknikk". 

HM StatisticsGraphicHearthMath er utvikla av HeartMath Institute i Californina over dei siste 30 åra og er vitenskapeleg godt dokumentert. Me bruker HeartMath systemet bl.a. for dei med langvarige smerter, smerter sekundære til andre lidelsar, for dei med kroniske spenningar og stress. Systemet er og ypparleg for deg som ynskjer å auka evne til å takla utfordringar, auka prestasjon, til å betre forstå og endra eigne reaksjonsmønster, til å auka fokus og ro, for å auka dei kjennslene som styrkar deg, og rett og slett for å auka glede i livet. 

Ein konsultasjon tek mellom 30 og 60 min. Me anbefalar minst fire gonger for å få ei god forståing av systemet, korleis du brukar det, innføring i dei mest grunnlaggande teknikkane, og korleis du nyttar dette til dagleg. Det dekker oppfølging og tilbakemelding, samt litt vidareutvikling. Som med alt må ein øva for å bli god, og nytteeffekten er direkte kopla med kor mykje du brukar det. Om du ynskjer å fortsetta etter desse fire gongene, er det fint mogeleg. 

Teknikkane i seg sjølv er enkle og krev inga spesiell bakgrunn eller forståing. Du kan nytta dei i nokre få minutt om gongen, eller litt lenger og djupare ro eller problemløysing. Du trenar på dette heime og treng ikkje å kopla deg til sensor for å få nytte av teknikkane. 

Hensikten med sensoren er at du skal få ei klar forståing av korleis du påverkar kroppen din.  Dette ser du på skjermen i reell tid. Den viser deg kva som skjer når du får det til og kva som skjer når du ikkje får det til. Dette gjev deg ei grundig forståing og gjer at læringa går fortare. Om du ynskjer kan du koma på klinkken og trena med sensor eller du kan ha din eigen sensor som fungerer med smart telefonene din. 

Teknikkane viser god effekt på reduksjon av angst, depresjon og trøyttleik, på auka ro, betre søvn og auke i foksevna. Den har vist betring av fysisk helse som reduksjon av blodtrykk og puls.

HeartMath konsultasjon

Ein konsultasjon tek mellom 30 og 60 min. Me anbefalar minst fire gonger for å få ei god forståing av systemet, korleis du brukar det, innføring i dei mest grunnlaggande teknikkane, oppfølging og tilbakemelding, vidareutvikling og korleis du nyttar dette til dagleg. Som me alt må ein øva for å bli god, og nytteeffekten er direkte kopla med kor mykje du brukar det. Om du ynskjer å fortsetta etter det er det fint mogeleg. 

Teknikkane i seg sjølv er veldig enkle og krev inga spesiell bakgrunn eller forståing. Du kan nytta dei i nokre få minutt om gongen, eller litt lenger og djupare ro eller problemløysing. Du trenar på dette heime og treng ikkje å kopla deg til sensor for å få nytte av teknikkane. 

Hensikten med sensoren er at du skal få ei god forståing av korleis du påverkar kroppen din, og for å læra teknikkane fortare og meir grunndig. Den viser kva som skjer når du får det til og kva som skjer når du ikkje får det til. Om du ynskjer kan du koma på klinkken og trena med sensor eller du kan ha din eigen sensor som fungerer med smart telefonene din. 

Siv Jøssang Shields er ein av få sertifiserte i HeartMath i Noreg.  

Nedanfor ser du eit skjermbillete frå klinikken av korleis ei økt med HeartMath kan sjå ut. Denne viser høg koherens. Dette vert opplevd av personen som godt og styrkande.  

Hjarteleg velkomne!

HM skjermbillete frå klinikken