Ordet kiropraktikk er av gresk opprinnelse og betyr «å behandle med hendene».
«Kiropraktikk omfattar diagnostikk, behandling og førebygging av funksjonsreduksjon og lidingar i nerve-muskel-skjelett-
systemet. Kiropraktikk som behandlingsmetode har som hovedmål å gjenopprette normal funksjon i bevegelsesapparat og nervesystem når feilfunksjonar har oppstått. Dette har ein påverknad på både mekanikken i ledda og funksjonen i nervesystemet og har dermed ofte både ein smertelindrane effekt og ein funksjonsbetrande effekt som kan verke helande på kroppen generelt.»
– Definisjon av kiropraktikk frå Norsk Kiropaktorforening
Voss Kiropraktorkontor har godt samarbeid med både legar og fysikalske institutt lokalt og i nærregionane, og i tillegg til det lokale sjukehuset og spesialisthelsetenester i Bergen og omegn.
Kva gjer kiropraktoren?
Undersøking:
Kiropraktoren tek ei grundig sjukehistorie og undersøking for å finne årsaka til symptoma dine. Dei vurderer haldning, rørsleevne, ledd, musklar, bindevev og nervesystem. Me nyttar EMG (måling av muskelspenning), medisinsk IR kamera (vurdering av betennelsar), og electronisk vurdering av rørslerekkevidde som eion del av vår undersøking. Me har også røntgen på klinikken.
Det kan vera behov for vidare utgreiing ved hjelp av MR, CT, ultralyd eller legespesialist som kiropraktoren kan henvise til.
Kiropraktoren går gjennom alle funna frå undersøkinga med deg og svarar på dei spørsmåla du eventuelt har. Vert det teke røntgen går kiropraktoren gjennom desse og.
Basert på funna ved undersøkingar di, utarbeidar kiropraktoren ein behandlingsplan til deg. Du får og råd om kva du kan gjere sjølv for å få best effekt av behandling, og informasjon om øvingar, trening og eventuellt kost om du er interessert i det.
Behandling:
Behandlinga kan inkludere fleire ulike teknikkar, og vert tilpassa dine behov. Dei manuelle teknikkane me nyttar er leddjustering, mobilisering, traksjon, tøyetekknikkar og triggerpunkt behandling. På klinikken nyttar me også instrumentassistert blautvevsbehandling (iAssist),
Førebygging og rehabilitering:
Ein viktig del av oppfølginga er førebyggande råd og rettleing. Dette er til dømes råd for akutte ryggsmerter, hjelp til tilrettelegging på arbeidsplassen, stresshandteri
Litt meir om kiropraktikk, smerter og førebygging finn du i videobiblioteket vårt.
Kiropraktorane ved Voss Kiropraktorkontor er medlemmer av Norsk Kirorpraktoforening. Mange kiropraktorar markerer gjerne dette på skilt eller visittkort med «MNKF». Dette er eit kvalitetsstempel og noko du bør sjå etter ved val av kiropraktor. Du kan lære meir om dette, samt finne ut om utdanning, politikk og anna fagrelatert informasjon på NKF si nettside.
Trygderefusjon:
Sidan 80-talet har alle kiropraktorpasientar i Norge får automatisk dekka ein liten del av behandlinga gjennom trygdesystemet. I 2024 kom det eit fullstendig uventa politiks vedtak å halvera denne dekninga, og i 2025 vart det heilt fjerna også reisetilskot. Det vart gjordt til tross for at all statestikk viser at kiropraktikk hjelper flest på kortast tid og med minsts kostnader samalikna både med lege og fysioterapi. Dette vedtakte vart gjort utan nokon for for konsekvensutredning, som faktisk er ulovleg i vår norske demokratiske prosess. NKF, organisasjonen vår ,jobbar sjølvsagt for fullt for å få denne støtta tilbake, men det førte desverre til ei prisauke då me heller ikkje lenger får økonomisk dekning for papirarbedet staten pålegg oss å utføra. Dette er svært beklagaeleg og me håpar på forståelse og støtte i saken.
Helseforsikring
Helseforsikring (òg kalla behandlingsforsikring) blir stadig meir vanleg. Cirka 400 000 nordmenn har denne type forsikring. Fleire og fleire bedriftar vel å teikne helseforsikring for sine tilsette som kjem både ansatte og bedrifta til gode.
Forsikringa sikrar rask tilgang til undersøking og behandling ved skade/sjukdom.
Helseforsikringa dekker oftast dette: undersøking og behandling hjå legespesialist, kiropraktor eller fysioterapeut samt billetdiagnostisk utredning (MR, røntgen, CT og ultralyd) om naudsynt.
Me har eit godt samarbeid med alle dei store forsikringsselskapa.